Fotocredit: Kenneth Iversen

Hald på hattane når du snur kappa etter vinden

Valdagen nærmar seg raskt, og veljarane blir pepra med politiske utspel i alle kanalar. Stort sett er debattinnlegga og Facebook-innlegga utdjupning av partia sine valprogram, men i det siste har Hjemeland Høgre kome med utspel som verkar mildt sagt forvirrande, både for veljarane og dei andre partia som stiller til val.

6. september 2023

Silje Sværen, 1. kandidat for Hjelmeland SV
Anita Husøy Riskedal, 1. kandidat for Hjelmeland Sp
Morten Hetland, 1. kandidat for MDG Hjelmeland

I sine svar til valgomatane hjå NRK, Stavanger Aftenblad og Strandbuen er Høgre positive til utgreiing av vindkraft ved Blåsjø og negative til gratis barnehage. Gjennom utspel i sosiale medier, frontar dei derimot totalt motsette standpunkt! Det er altså ingen ting som tyder på at veljarane veit kva dei blir serverte når valflesket er spist opp. Stemmer du på SV, Sp eller MDG, kan du derimot vera trygg på at det er valprogramma som blei leverte i postkassen, som blir brukte som kokebok.

Høgre meiner òg at det trengst nye krefter i den politiske leiinga for å få fart på bustadbygging og næringsutvikling i Hjelmeland. Dei siste fire åra har ei rekkje bustadområde blitt ferdig regulerte, og er dermed klare for utbygging, både i Årdal, på Fister og i Hjelmeland sentrum. Teknisk plan for Eikehaugen på Fister er ferdig, og reguleringsplanen for Hjelmeland sentrum er no godkjend med 100 moglege bustader. Eit einstemmig kommunestyre har no vedteke ein offensiv bustadstrategi, og ein nytilsett prosjektleiar er i full gang med å realisera strategien – fleire bustader der folk vil og kan bu!

Samtlige folkevalde er positive til at kommunen skal bidra, også økonomisk, til å realisera bustadbygging. Men me bør venta med å stilla kommunale garantiar for tomter og prosjekt som framleis ikkje er vedtekne eller testa ut i marknaden. Det er altså vidopne portar Høgre slår inn når dei vil få fart på bustadbygginga i kommunen.

Sp, MDG og SV har styrt Hjelmeland i positiv retning, og me forstår ikkje Høgre sin iver etter å skifta ut den politiske leiinga. Gjennom dei siste fire åra har me hatt styr på økonomien, skårer særs bra på tenestekvalitet, og folketalet stig! Me er garantistar for at ordninga med gratis barnehage held fram, og me snur ikkje kappa kvar gong vinden snur.

Godt val!