Årsmelding 2019

Miljøpartiet Dei Grøne Hjelmeland blei stifta 12.03.2019, med Roger Sjursen og Morten Hetland som talspersonar, Anne Spilde som styremedlem og Aslaug Kleiberg Sørensen som varastyremedlem.

 

Miljøpartiet Dei Grøne Hjelmeland har 8 medlemmer pr. 31.12.2019.

Styret har ikkje hatt eigne møte, men tatt fortløpande avklaringar saman med resten av medlemmene i ei lukka meldingsteneste.

Til kommunestyrevalet 2019 leverte me inn ei valliste med sju kandidatar, akkurat nok til å få godkjent vallista. Kandidatane på lista var Morten Hetland (1), Roger Sjursen (2), Anne Spilde (3), Lars Flatø Nessa (4), Aslaug Kleiberg Sørensen (5), Svein Petter Sandvik (6) og Liv Reidun Brakstad (7).

I perioden april–juni hadde me fire medlemsmøte for å jobba med valprogrammet. Valprogrammet blei ferdigstilt og publisert på nettstaden vår 20. juli 2020, og deretter starta valkampen. Me prøvde både «dørbank», målretta utdeling tre temafaldarar («Eit grønt, mangfaldig næringsliv», «Varierte aktivitetar skaper trivsel» og «Politikarane må prioritera grønt»), brev med faldar til førstegongsveljarane («Stem grønt for framtida»), samt målretta utdeling av partiprogrammet med 17 hovudmål for menneske og miljø.

Ved kommunestyrevalet 09.09.2019 blei éin fast representant frå MDG valt inn i kommunestyret med 4,7 prosent av stemmene (63 av 1.352 stemmer). Morten Hetland blei fast representant, med Roger Sjursen (1.), Lars Flatø Nessa (2.), Anne Spilde (3.) og Svein Petter Sandvik (4.) som varamedlemmer.

Etter at valresultatet var klart starta forhandlingane med dei andre partia som blei valde inn. 12.09.2019 signert me ein valteknisk samarbeidsavtale med Senterpartiet (9 representantar) og Sosialistisk Venstreparti (1). Avtalen inneber at Bjørn Laugaland (Sp) og Anita Husøy Riskedal (Sp) blir høvesvis ordførar og varaordførar. Silje Sværen (SV) skal leia areal- og forvaltningsutvalet, med Morten Hetland (MDG) som nestleiar. I samarbeidsavtalen er dei tre partia òg samde om at klima og miljø, saman med økonomistyring, skal vera grunnlaget for all verksemd.

Medlemmene har òg blitt kalla inn til gruppemøte i forkant av møte i kommunestyret, formannskapet og areal- og forvaltingsutvalet. Me har fått fleire politiske gjennomslag det siste året, både i førre og inneverande valperiode. (Sjå oversynet over grøne gjennomslag.) Det viktigaste er likevel at me har bidratt til historias grønaste Hjelmeland-budsjett, saman med bestilling om å starta arbeidet med ein klimaplan for Hjelmeland kommune.

Utfordringane vidare for partiet blir mellom anna å finna ut korleis me skal ha eit samarbeid med Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti i resten av valperioden.

Takk for innsatsen og engasjementet til alle som har bidratt i 2019!

Hjelmeland, 31.12.2019/10.02.2020

Morten Hetland      Roger Sjursen     Anne Spilde      Aslaug Kleiberg Sørensen