Årsmelding 2022

Miljøpartiet Dei Grøne Hjelmeland blei stifta 12.03.2019. Styret har i 2022 bestått av Roger Sjursen (leiar), Janneke Wijgergangs (styremedlem), Eigil Fagerland Sjursen (ungdomsrepresentant) og Morten Hetland (sekretær og kasserar). Morten Hetland er òg folkevalt og gruppeleiar.

Miljøpartiet Dei Grøne Hjelmeland har 8 medlemmer pr. 31.12.2022, derav 2 som ikkje har betalt medlemskontingenten.

Styret har tatt fortløpande avgjerder i ei lukka meldingsteneste, samt avklart strategispørsmål i eigne møte eller i samband med gruppemøta.

Morten Hetland har vore den einaste faste kommunestyrerepresentanten for MDG, nestleiar i areal- og forvaltingsutvalet, samt SV/MDG/Sp sin 2. vararepresentant til formannskapet. Roger Sjursen er første varamedlem til kommunestyret for MDG.

Gruppeleiar har kalla inn til sju gruppemøte i løpet av året. Gruppemøta har starta med ei økt for berre MDG, og deretter har me deltatt i felles gruppemøte saman med Sp og SV. I tillegg til gruppemøta, har medlemmene fått høve til å uttala seg om aktuelle politiske saker undervegs i året. Me har fått fleire politiske gjennomslag det siste året. (Sjå oversynet over grøne gjennomslag.)

Me har spelt inn og gjeve ut femten episodar av podkasten «Er du heilt grøn?», der Roger og Morten snakkar om laust og fast, med eller utan gjester. Hovudfokuset er på lokalsamfunnet og lokalpolitikken, men dei trekk òg inn regionale, nasjonale og globale tema.

Samarbeidsavtalen mellom SV, MDG og Sp slår fast at klima og miljø, saman med økonomistyring, skal vera grunnlaget for all verksemd. Me er fornøgde med budsjettet for 2023, der me mellom anna sette av kr 54.000 til kurs/utstyr til skaparverkstad og innovativ pedagogikk, kr 200.000 til seniortaxi og kr 2.000.000 til investering i solcellepanel til kommunale bygg.

I sommar deltok me i grøn stafett, saman med grøne venner frå Stavanger MDG og Strand MDG. Lokalpartileiar Roger Sjursen fekk stafettpinnen frå Jan Andor Næss, og frakta den trygt frå Hjelmeland til Stavanger, der Eva Berge tok med seg stafettpinnen vidare mot Randaberg.

I desember 2022 blei Roger Sjursen valt inn i Rogaland MDG sitt valkamputval.

Styret merkar seg at det er svært få aktive i lokalpartiet, og at dei få som engasjerer seg må sjonglera mellom både styresaker og drøfting av partisaker. Dersom lokalpartiet skal ha ei framtid, er det avgjerande at fleire engasjerer seg i anten organisasjonsarbeid eller partipolitikk.

Utfordringane vidare for partiet blir å rekruttera fleire medlemmer til lokallaget, oppretthalda eit godt samarbeid med Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti i resten av valperioden, samt å stilla ny liste og nytt program til kommunestyrevalet hausten 2023.

Takk for innsatsen og engasjementet til alle som har bidratt i 2022!

Hjelmeland, 31.12.2022/06.03.2023

Roger Sjursen • Janneke Wijgergangs • Eigil Fagerland Sjursen • Morten Hetland