Partiprogram 2023–2027

For eit grønare, varmare og trivelegare Hjelmeland

Kvifor stemma grønt?

Sidan hausten 2019 har Miljøpartiet Dei Grøne bidratt til å skapa eit grønare, varmare og trivelegare Hjelmeland. Me har sett fokus på klima, miljø og natur, trivsel for innbyggjarane våre og ansvarleg økonomistyring.

I løpet av dei siste fire åra har MDG mellom anna fått politisk fleirtal for at Hjelmeland skal bli ein Miljøfyrtårn-kommune, innføra årlege klimabudsjett, stramma inn krava til berekraft i offentlege innkjøp og gje økonomisk støtte til grøn omstilling i næringslivet.

Med gratis barnehageplassar og millionstøtte til frivillige lag og organisasjonar, har me òg bidratt med positive tiltak som innbyggjarane våre merkar i kvardagen.

Me har investert i tryggleik og infrastruktur, mellom anna ved å framskunda innkjøp av ny brannbil til Årdal brannstasjon, samt ved å planlegga og finansiera ei omfattande breibandsutbygging i heile kommunen.

Alle barnehagane har fått tilgang til gapahukar i sitt nærmiljø, me har starta ei blåsargruppe i kulturskulen, og snart bygger me ny ungdomsskule.

→ Sjå liste over våre grøne gjennomslag

Etter fire års innsats, har MDG vore med på å skapa synlege endringar i Hjelmeland, og me er motiverte for fire nye år, for menneske og miljø! For lokalpolitikken treng framleis MDG, viss Hjelmeland skal vera grønt, varmt og triveleg, òg for våre barn og barnebarn. Berekraftig utvikling, grøn omstilling, arealnøytralitet og jordvern skal danna grunnlaget for all politisk styring, og ikkje berre vera fine ord i partiprogrammet.

Den største utfordringa i vår tid, er å skapa eit samfunn som held seg innanfor naturen sine eigne rammer. 

MDG vil at vårt lokalsamfunn skal bidra til å ta ansvar for livet på land og i havet, og seia ja til å verna matjorda og naturen i kommunen vår. Det å ta betre vare på naturen, er å ta betre vare på oss sjølv og dei som kjem etter oss.

MDG ynskjer å legga til rette for berekraftige og levande lokalsamfunn, der ingen fell utanfor, og der det grøne næringslivet får blomstra.

MDG vil ha klimasmarte bygder, der det er godt å bu: Folk skal få høve til å leva gode liv, med høg livskvalitet og livsglede, tryggleik, trivelege møteplassar og lokale arbeidsplassar.

MDG vil at Hjelmeland kommune framleis skal legga ansvarleg økonomistyring til grunn for all drift.

MDG vil gje innbyggjarane våre gode velferdstenester, og samtidig syta for berekraftige, realistiske, praktiske og effektive løysingar når me utviklar lokalsamfunna.

MDG jobbar for at me skal kunna leva gode liv i dag, og samtidig ha ei framtid som me kan gleda oss til!

Klima, natur og miljø

Klima, natur- og miljøvern må prioriterast framfor evig økonomisk vekst. Me må redusera avfallsmengda og kutta klimagassutslepp, og all arealplanlegging må baserast på prinsippet om arealnøytralitet.

Miljøpartiet Dei Grøne vil:

  • prioritera og ta omsyn til klima, natur og miljø.
  • legga prinsippet om arealnøytralitet til grunn for all framtidig arealplanlegging.
  • ta omsyn til biologisk mangfald i arealplanlegging og arealforvalting.
  • ta ubebygde hyttefelt ut av kommuneplanen, og berre tillata nye hytter innanfor eksisterande hyttefelt.
  • tilbakeføra og verna meir av naturen, med mål om 30 prosent verna areal innan 2030.
  • vera positive til å utgreia oppretting av nasjonalpark som inkluderer areal i Hjelmeland kommune.
  • legga til rette for fleire ladestasjonar for elbilar.
  • auka tilsette, politikarar og næringsdrivande sin kompetanse i arealnøytralitet, biologisk mangfald, sårbare økosystem og restaurering av natur. 
  • støtta tiltak for å beskytta og styrka bestandane av villrein og villaks.
  • tilrettelegga for og oppmoda privatpersonar til å ta vare på biologisk mangfald på eigen eigedom.
  • fremja tiltak som aukar kjeldesortering og gjenbruk, reduserer matsvinn og hindrar forsøpling.
  • sikra oppsamling av gummigranulat på alle kunstgrasbanar, og på sikt erstatta gummigranulat med meir miljøvennlege alternativ.
  • avvikla kommunal bruk av giftige sprøytemiddel.
  • stilla strenge miljøkrav til kommunale bygg.
  • stilla krav til miljøvennlege byggjemateriale og terrengtilpassing som vilkår i nye reguleringsplanar.
  • at kommunen skal rettleia husbyggjarar om miljøvennlege byggjemetodar, bruk av fornybare energikjelder og energiøkonomisering.

Berekraftig verdiskaping og samfunnsutvikling

Grunnpilaren i MDG sin økonomiske politikk er å få ressursar til å gå i krinsløp. Næringslivet har kome langt på kort tid, men politikken heng etter. Føreseielege og klare reguleringar er avgjerande for å sikra konkurransekraft i marknaden.

Miljøpartiet Dei Grøne vil:

  • framskunda det grøne skiftet ved å gje tydelege politiske føringar for eit grønt, berekraftig næringsliv.
  • styrka kommunen  sitt arbeid med næringsutvikling, særleg med fokus på innovasjon og grøn omstilling.
  • støtta grøn omstilling i landbruket, og gje tilskot til innovative og framtidsretta løysingar i landbruket.
  • styrka kommunen si rolle som ansvarleg innkjøpar av varer og tenester, der ein prioriterer miljømessig, sosial og økonomisk berekraft i offentlege innkjøp.
  • legga til rette for utvikling av og informasjon om kortreiste natur- og kulturopplevingar.
  • støtta kampanjar og tiltak som gjer det lettare for lokale verksemder å selja varer og tenester lokalt.
  • berre støtta akvakulturanlegg som er utsleppsfrie, for å avgrensa rømming, lakselus, kjemikaliebruk og utslepp i fjordane våre.
  • beskytta viktige fiskefelt og andre sårbare område mot oppdrettsanlegg i havet.
  • at landbruket skal kunna bidra til auka sjølvforsyning.
  • tilbakeføra areal, mellom anna næringsområde I1 på Viganeset, til LNF ved neste kommuneplanrevisjon.
  • fremja tiltak som aukar lagring av karbon i jorda.
  • sikra berekraftig drift og forvalting av skogsområda.
  • gjennomføra tiltak som sikrar at fleire førstegongsetablerarar ynskjer busetja seg i kommunen.
  • sikra at det finst nok bustader som er tilrettelagde for eldre og personar med funksjonshindring.
  • vidareutvikla Hjelmelandsvågen som eit attraktivt og levande kommunesentrum, som samtidig tar vare på identiteten og særpreget til tettstaden.
  • setja i gang sentrumsprosjekt og sentrumsplanar for  Årdal og Fister, inspirert av Vågen 360-prosjektet.

Kommunale tenester

Kommunale velferdstenester skal vera berekraftige og tilgjengelege for alle som treng dei, og dei må organiserast slik at kvaliteten blir best mogleg.

Miljøpartiet Dei Grøne vil:

  • styrka grunnbemanninga i barnehagane i Årdal, Fister og Hjelmeland med eitt årsverk kvar.
  • erstatta leiker og materiale som eventuelt inneheld miljøgifter med trygge og miljøvennlege alternativ.
  • at barnehagar og skular har ein forskingsbasert og gjennomtenkt praksis for bruk av læringsbrett.
  • sikra at barnehagar og skular kan nytta seg av lokalmiljøet i undervisninga, mellom anna gjennom samarbeid med næringslivet og eigne reisebudsjett.
  • at barnehagar og skular tek seg tid til å prioritera praktiske, kreative og skapande aktivitetar.
  • sikra at barnehagar, skular og SFO kan søkja om kommunalt tilskot til etablering av kjøkkenhagar.
  • sikra riktig kompetanse i barnehagar og skular.
  • redusera lokalt pålagde krav til dokumentasjon og rapportering, slik at dei tilsette i større grad kan konsentrera seg om sine kjerneoppgåver.
  • planlegga omorganisering av barneskulane i løpet av kommunestyreperioden, til det beste for elevane sitt læringsutbytte og psykososiale miljø, samt for å sikra eit meir robust fagmiljø for dei tilsette i skulen.
  • at skulane skal vera leksefrie, slik at barna har tid til å vera barn på fritida.
  • avgrensa bruken av karakterer på ungdomstrinnet.
  • samarbeida med lokale bønder om ei frukt- og grøntordning som er basert på tilgjengelege lokale varer.
  • styrka det førebyggjande arbeidet innan fysisk og psykisk og helse, særleg retta mot barn og unge.
  • sikra at innvandrarar får informasjon om kommunen på eit språk som dei forstår
  • sikra at innvandrarar får tilbod om språkopplæring og språk-/arbeidspraksis.
  • at kommunen skal tilby tilrettelagde arbeidsplassar for personar med funksjonshindring.
  • omorganisera omsorgssentera til ein meir berekraftig struktur, med mål om å styrka effektiviteten og kvaliteten på tenesta, vidareutvikla fagmiljøet innan pleie og omsorg, samt å rekruttera og ta vare på tilsette med riktig kompetanse.
  • auka støtta til frivillige og andre som gir verdifulle bidrag til livskvaliteten for eldre og pleietrengande.
  • styrka det førebyggjande arbeidet for eldre og uføre gjennom kvardagsrehabilitering og tilrettelegging.
  • legga til rette for samarbeid mellom barnehagar, skular og omsorgssenter, som bidrar til gode møteplassar på tvers av generasjonar.
  • styrka stimulerande og meiningsfylte aktivitetar på omsorgssentera.
  • støtta og legga til rette for etablering av seniorkollektiv eller andre buformer for eldre.

Livskvalitet i lokalsamfunna

Me vil støtta opp under dei frivillige laga, som bidrar til å fylla kvardagen med aktivitetar, varme fellesskap og tid til å leva gode liv i levande lokalsamfunn.

Miljøpartiet Dei Grøne vil:

  • legga til rette for og samarbeida med frivillige om å tilby møteplassar og fritidsaktivitetar i alle bygdene i kommunen, med særskilt fokus på meir inkludering.
  • styrka den økonomiske støtta til lag, organisasjonar og arrangement som skaper trivsel og aktivitet.
  • gje auka økonomisk støtte til lag, organisasjonar og møteplassar som bidrar til redusert framandfrykt og meir inkludering og integrering av tilflyttarar.
  • sikra at barn og unge i låginntektsfamiliar framleis får tildelt Fritidskortet, slik at dei får dekka utgiftene til mellom anna kulturskule, kino og fritidsaktivitetar.
  • ta vare på viktige fritids- og rekreasjonsområde, og plassera ut avfallsstativ med panteoppsamlar ved dei mest populære fritids- og rekreasjonsområda.
  • fiksa og etablera fleire faste bål- og/eller grillplassar, som kan erstatta behovet for eingongsgrillar.
  • legga til rette for bildelingsordningar i kommunen.
  • vurdera å innføra lokal forskrift om nedsett konsesjonsgrense, for å hindra at eigedommar som bør brukast som heilårsbustad blir brukte som hytter.
  • utgreia ordningar som kan gjera det meir attraktivt å busetja seg og bli buande i Hjelmeland, mellom anna bygga prøvebustader for potensielle tilflyttarar.

Forsyning og beredskap

Samfunnet vårt er sårbart, men politiske føringar, arealplanlegging og innkjøp kan redusera negative konsekvensar av kriser og uønska hendingar.

Miljøpartiet Dei Grøne vil:

  • legga til rette for framtidsretta energiproduksjon og energiforsyning som spelar på lag med naturen.
  • vera positive til å utgreia vindkraft som ikkje er i konflikt med naturen.
  • utgreia ei kommunal støtteordning med tilskot til eller finansiering av privateigde solcelleanlegg.
  • ta betre vare på jordbruksareala i kommunen, og ha eit strengare vern av dyrka jord og innmarksbeite.
  • at kommunen skal tilby opplæring for innbyggarar som ynskjer å produsera mat i eigne hagar.
  • arbeida for tryggare skulevegar, særskilt for barn som ikkje har rett på skuleskyss.
  • sikra betre rassikring på utsette vegstrekningar.
  • bygga opp beredskapslager for utstyr som trengst ved pandemiar, kriser og større ulukker.
  • jobba med klimatilpassing for å styrka kommunen sin beredskap mot ekstremvêr og klimaendringar.
  • syta for at kommunen har tilstrekkeleg beredskap til å handtera kriser, og samarbeida om beredskap med nabokommunar og andre instansar ved behov.
  • styrka kompetanse, førebygging og beredskap for handtering av skred, flaum og andre naturfarar.
  • at tilsette i kommunen ikkje skal få økonomiske tap ved å delta i frivillige søke- og redningstenester.