Fotocredit: Hilde Hauge/Feien og Fjong

Partiprogram 2019–2023

Miljøpartiet Dei Grøne vil skapa eit Hjelmeland som er grønare, varmare og trivelegare. Her skal det vera attraktivt å bu, jobba og vera gjest. Målet vårt er eit medmenneskeleg samfunn i økologisk balanse.

 

Livskraftige lokalsamfunn, i hovudsak basert på lokaleressursar, er ein føresetnad for å nå måla våre. Samtidig må økonomien retta seg etter sunne økologiske prinsipp.

Me vil skapa eit samfunn der me kan leva gode liv, utan å øydelegga for andre.

Norge står ved eit vegskilje, der langsiktig tryggleik, fridom og velferd for alle står på spel. Me er nøydde til å ta eit oppgjer med målet om å heile tida produsera meir, for å kjøpa og deretter kasta meir.

Me vil kjempa mot klimaendringane og ta vare på naturen, for å sikra gode liv for dei som kjem etter oss.

Me vil heller ha eit samfunn der unge ikkje blir sjuke av prestasjonsjag og kjøpepress.

Me vil bidra til å skapa levande lokalsamfunn, der færre er einsame og me har meir tid til venner og familie.

Me skal fortsatt kunna gå tur i naturskog og fiska i fjorden; utan å få plast på kroken, og ungane skal kunna leika trygt ute og sykla til skulen i frisk luft.

Inspirert av FN sine 17 berekraftmål, går MDG Hjelmeland til val på 17 mål for menneske og miljø.

Me lover å visa politisk mot og handlekraft. Me skal vera ærlege og tydelege, og gjera vårt beste for å gjennomføra politikken og tiltaka som me har gått til val på.

Tenk nytt, stem grønt. For menneske og miljø.

1  KLIMALØYSINGAR 
 FOR DEG OG VERDA 

MDG vil stå i spissen for å få vedtatt ein klimaplan for Hjelmeland kommune. Me skal redusera klimagassutsleppa med 80 prosent innan 2030, samanlikna med 2015, og vere ein fossilfri kommune innen 2040.

Miljøpartiet Dei Grøne vil:


  • Innføra indikatorar og berekraftmål med vekt på klima, natur og livskvalitet i samband med behandlinga av kommunebudsjettet, og innføra ei årleg behandling i kommunestyret av status og nye tiltak for å nå måla.
  • Syta for at Hjelmeland kommune tar ansvar som innkjøpar av varer og tenester, og prioriterer miljømessig, sosial og økologisk berekraft i offentlege innkjøp.
  • At alle kommunale nybygg skal vera klimanøytrale, og at det skal veljast effektive energi- og klimaløysingar ved utforming av bygningar, anlegg og uteområde.
  • Stilla krav om solenergi og/eller grøne tak på kommunale nybygg.
  • Fremja lokal turisme, slik at fleire kan velja bort flyreiser.

2  MILJØVENNLEG   TRANSPORT 

Me vil at det skal vera lettare og rimelegare for innbyggarane å velja miljøvennleg transport. Lufta skal vera rein og trygg for alle, og me vil minimera forureinande trafikk.

Miljøpartiet Dei Grøne vil:


  • Vera pådrivar for betre kollektivtilbod, med fossilfrie løysingar, og forsøk med «hent meg»-ordning for buss.
  • Undersøka moglegheitene for å etablera forsøksordning med sjølvkjørande buss mellom Hjelmelandsvågen og Sande, via Hjelmeland omsorgssenter.
  • Arbeida for å ferdigstilla gang- og sykkelstien mellom Årdalstunet og Soppaland, og regulera ny gang- og sykkelsti frå Kleppa til Hjelmeland Samfunnshus.
  • Tilby sykkelkurs til alle 4. og 8. klassingar i kommunen.
  • Legga til rette for etablering av fleire ladestasjonar for elbil.

3  TA VARE PÅ 
 LIVET PÅ LAND 

Naturen i Hjelmeland har eit rikt dyre- og planteliv, og gjev innbyggjarar og besøkande høve til rekreasjon og opplevingar. Me vil beskytta og forvalta økosystema i kommunen best mogleg, og då må det biologiske mangfaldet vega tungt.

Miljøpartiet Dei Grøne vil:


  • Planta viltveksande planter, blomster og urter i grøntrabattar og kommunale plenar som ikkje er i bruk, for å sikra gode leveområde for pollinerande innsekt.
  • Auka vern av urskog og betra forvalting av planteskog, med skjerpa krav til berekraftig skogsdrift.
  • Vera positiv til vern av inngrepsfrie naturområde.
  • Motverka bruk av giftige sprøytemiddel og skadedyrbekjemping innanfor og utanfor kommunal eigendom.
  • At kommunen skal oppmoda og motivera privatpersonar til å ivareta biologisk mangfald på eigen eigedom. #bughug

4  TA VARE PÅ 
 LIVET UNDER VATN 

Lokale bedrifter gjer allereie ein god jobb med å gjera oppdrettsnæringa meir berekraftig og framtidsretta. MDG vil stilla strenge krav til oppdrettsnæringa, slik at miljøproblema i næringa ikkje kan forsvarast med inntekter og arbeidsplassar.

Miljøpartiet Dei Grøne vil:


  • Støtta tiltak for å beskytta og styrka villaks- og aurebestanden.
  • Leggja til rette for arbeidsplassar innan forsking på og utvikling av eit meir berekraftig og framtidsretta havbruk.
  • Bruka kraftfondet til å gje lån eller investeringstilskudd til bedrifter som utviklar utsleppsfrie oppdrettsanlegg.
  • Berre støtta nye konsesjonar til akvakulturanlegg som er utsleppsfrie, for å avgrensa rømming, kjemikaliebruk, lakselus og kloakkutslepp i fjordane våre.
  • Ta omsyn til det biologiske mangfaldet i bekkar, elvar, innsjøar og hav i arealplanlegging og -forvalting.

5  REIN LUFT OG 
 GRØN ENERGI 

Hjelmeland har mykje natur, med rike naturressursar, rein luft og nærleik til flotte fjell og fjordar. Det gjer at me kan satsa på ein fornybar energiproduksjon som spelar på lag med naturen.

Miljøpartiet Dei Grøne vil:


  • Legga til rette for framtidsretta energiproduksjon som spelar på lag med naturen.
  • At energipotensialet i eksisterande vasskraftverk blir utnytta i større grad, før me opnar opp for vindkraft i Hjelmeland.
  • Støtta produksjon av biogass ved bruk av oppdrettsavfall, landbruksavfall, avløpsslam, matavfall og andre organiske ressursar.
  • Støtta eller etablera anlegg for produksjon av biokol, som bind karbon og kan blandast i jorda for å gje betre avlingar og vasslagringsevne for tørkeutsett jord.
  • Etablera støtteordning med pant på gamal vedomn.

6  HALDA HAVET  
 REINT FOR SØPPEL 

Eit av dei raskast veksande problema i verda er forsøplinga av naturen, kysten og verdshava, der plast er eit av dei største miljøproblema i vår tid. Dersom dagens utvikling fortset, vil det i 2050 vera meir plast enn fisk i havet.

Miljøpartiet Dei Grøne vil:


  • Motivera til og premiera frivillig strandrydding.
  • Utgreia nye tiltak mot marin forsøpling og ordningar for mottak av marint avfall.
  • At kommunen skal vera ein ivrig pådrivar i satsinga på førarlause, fossil- og brenselfrie ferjer.
  • At skipsfarten i kommunen skal vera fossilfri innan 2030.
  • Fasa ut bruken av gummigranulat på kunstgrasbanar innan 2022.

7  EIN GRØN, ATTRAKTIV 
 OG LIVLIG KOMMUNE 

MDG vil at det skal vera godt å leva i alle delar av kommunen. Det skal vera attraktivt og trygt å ferdast i og bruka fellesareala våre, og me skal få dekka dei daglege behova nærast mogleg bustaden.

Miljøpartiet Dei Grøne vil:


  • Leggja til rette for å skapa levande bygdesentra med rom for møteplassar, sitjeplassar, grøntområde, kultur og aktivitetar.
  • Ta utgangspunkt i Vågen 360-prosjektet for å utvikla Hjelmelandsvågen som eit attraktivt og levande sentrum, som samtidig tar vare på identiteten og særpreget til tettstaden.
  • Syta for opprusting og vedlikehald av leikeplassar, og heller satsa på færre men betre leikeplassar i miljøvennlege materialar.
  • Skapa eit varmare samfunn med mindre framandfrykt og utanforskap, der me aktivt inviterer og inkluderer medmenneske til å delta på ulike arenaer i samfunnet.
  • Bruka miljøsertifiseringsverktøyet BREEAM-NOR i kommunale byggeprosjekt og områdeutvikling, og oppmoda private utbyggjarar til å gjera det same.

8  BEREKRAFTIG 
 NÆRINGSLIV 

Innovasjon og omstilling må til for at næringslivet skal kunna bidra til å nå klimamåla. MDG vil gjennomføra eit ekte grønt skifte, som i tillegg til å kutta utslepp, gjer næringslivet vårt leiande på grøne løysingar.

Miljøpartiet Dei Grøne vil:


  • Gje tydelege politiske visjonar og føringar for eit grønt og berekraftig næringsliv, for å framskunda det grøne skiftet.
  • Stimulera engasjement og skaparkraft ved å setja i gang samskapingsprosjekt for å finne nye løsninger på korleis me skal bygga framtidas samfunn.
  • Bruka kommunen sine eigarskap og partnarskap til å oppmoda til og stilla krav om grønare og berekraftig drift i desse verksemdene.
  • Styrka det kommunale arbeidet med næringsutvikling og kontakt med næringslivet, med særleg fokus på innovasjon og omstilling.
  • Stilla tomme kontor i kommunale bygg til disposisjon for fleksibel utleige for småbedrifter.

9  REDUSERA SOSIALE   FORSKJELLAR 

Solidaritet og medmenneskelegheit er eitt av grunnprinsippa våre. Me trur på eit felleskap som kan gje innbyggjarane våre ei kjensle av å høyra til; der me satsar på tiltak som kan bidra til å utjamna sosiale forskjellar.

Miljøpartiet Dei Grøne vil:


  • Satsa på aktiv inkludering i arbeids- og samfunnsliv, særleg for unge vaksne, menneske med nedsett funksjonsevne, flyktningar og låginntektsfamiliar.
  • Jobba for å etablera varig tilrettelagde arbeidsplassar (VTA) lokalt i Hjelmeland, for dei som treng det.
  • Gje støtte til dekking av internettabonnement for låginntektsfamiliar med barn som er skuleelevar.
  • Styrka barnevernet med kompetanse og ressursar, for å sikra betre oppfølging og førebygging i familiane
  • Utgreia ei «leige for eige»-ordning, for å hjelpa fleire inn på bustadmarknaden, gjennom eit samarbeid mellom kommunen, utbyggar og Husbanken.

10  FOLKEHELSE OG   LIVSKVALITET 

MDG vil har eit heilskapleg menneskesyn, der førebygging i eit langt perspektiv blir prioritert framfor brannslukking. Me vil at god livskvalitet og livsglede for den enkelte skal ligga til grunn for alle tenester og aktivitetar i helsesektoren.

Miljøpartiet Dei Grøne vil:


  • Sentralisera omsorgssentra til Hjelmeland, for å samla personalressursane og etablera nye tilbod, mellom anna gjennom sertifisering som Livsgledehjem og tiltaka som følgjer med der.
  • At omsorgssenter, barnehage, skule og frivillige skal kunna samarbeida om å engasjera og aktivisera eldre gjennom samtalar, kultur, musikk, kontakt med dyr, turar, hagebruk, frilufts- og naturopplevingar.
  • Styrka skulehelsetenesta med psykolog, og legga til rette for tettare samarbeid mellom helsesjukepleiarar, psykolog, lærarar, spesialpedagogar og miljøarbeidarar og til det beste for elevane.
  • Styrka ettervern og oppfølging av barn og unge med psykiske vanskar, flyktningar, rusavhengige og tidlegare domfelte.
  • Legga til rette for lett tilgjengelege turstiar og turløyper, både i nærmiljøa og utmarka, mellom anna etablering av ny tursti rundt Steinslandsvatnet og mellom Sande
    og Hjelmelandsvågen.

11  FREMJA LÆRING OG   LIVSMEISTRING 

Skulen og barnehagen skal møta barna med respekt og krav, og gje dei utfordringar som fremjar danning, lærelyst, skaparglede, engasjement og utforskartrong. Barna skal få utvikla den kompetansen og haldningane som trengst for å meistra liva sine, og delta i arbeid og fellesskap i samfunnet.

Miljøpartiet Dei Grøne vil:


  • Planlegga og etablera éin sentralskule på Hjelmeland i løpet av kommunestyreperioden, til det beste for elevane sitt læringsutbytte og psykososiale miljø, for å vidareutvikla fagmiljøet for dei tilsette i skulen, samt rekruttera og ivareta fagutdanna med rett kompetanse.
  • Ha meir kultur og natur inn i barnehagane, og vurdera oppretting av naturbarnehage-avdelingar i Årdal, Fister og Hjelmeland barnehagar.
  • Innføra «Grønt Flagg»-sertifisering for barnehage og skule, slik at barna våre får meir kunnskap, forståing og erfaringar knytta til korleis me skal takla klima- og miljøutfordringane.
  • Bruka heile samfunnet som læringsarena, på tvers av institusjonar og generasjonar, mellom anna ved å koma seg ut i skulehagar, naturen, nærmiljøet og bedrifter, og ved å invitera foreldre, frivillige og andre inn.
  • Setja i gang ei prøveordning med gratis skulelunsj på ungdomstrinnet, sidan skulemat har ein positiv effekt på læring, kosthald og miljø.

12  VARIERTE   FRITIDSTILBOD 

Hjelmeland har eit rikt kulturliv og mange gode fritidstilbod. Kultur, idrett og andre fritidsaktivitetar bidrar til auka trivsel, betra livskvalitet og folkehelse, hindrar utanforskap og skaper møteplassar på tvers av sosiale grupper og generasjonar.

Miljøpartiet Dei Grøne vil:


  • Styrka og utvida ordningane Fritidskortet, Utstyrsbanken og Frivilligfondet.
  • Setja i gang ei utgreiing av framtidig kulturhus i Hjelmelandsvågen eller Prestagarden, der ein kan samla mellom anna kafé, galleri, bibliotek, kino, ungdomsklubb, museum og scene/teater.
  • Sikra at alle kommunale bygg skal kunna brukast gratis av frivillige lag og organisasjonar, og vidareføra ordninga med kommunale driftstilskot til grendahus og samfunnshus.
  • Samarbeida med frivillige lag for å kunna ha sundagsopne gymsalar og idrettshall til ikkje-organiserte aktivitetar for familiar.
  • Tilsetja kommunal miljøarbeidar til å drifta ungdomsklubb med ei kjerneopningstid på minst fem timar kvar skuledag.

13  INKLUDERING OG   INTEGRERING 

Etnisitet, kultur, alder, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk, seksuell orientering eller funksjonsevne skal ikkje avgrensa deltaking, påverknad og livskvalitet for enkeltmennesket. Me vil jobba for eit samfunn der alle får vera seg sjølv, og der det blir lagt til rette for at alle skal kunna delta i samfunnet.

Miljøpartiet Dei Grøne vil:


  • Fokusera på det store mangfaldet i Hjelmeland som ein viktig ressurs, og setja i verk tiltak for å systematisk motarbeida diskriminering, trakassering og ekskludering.
  • Samarbeida med næringslivet og frivillige organisasjonar for å raskt få flyktningar i gang med språk- og arbeidstrening, og hjelpa dei med å bygga sosiale nettverk og utvikla kultur- og samfunnsforståing.
  • At kommunen sin biletbruk i informasjon, kommunikasjon og marknadsføring skal gjenspegla mangfaldet i befolkninga, slik at alle som bur her kan kjenna seg igjen der kommunen er synleg.
  • Jobba for eit meir likestilt arbeidsliv, og at samansetnaden av dei tilsette i kommunen, så langt det let seg gjera, skal gjenspegla mangfaldet i befolkninga.
  • Gjera politisk engasjement meir tilgjengeleg for fleire, ved at politiske møte blir lagde til dagtid, slik at fleire småbarnsforeldre kan engasjera seg.

14  BEREKRAFTIG   MATPRODUKSJON 

Ved å verna om matjorda, satsa på berekraftig landbruk og bruka ressursane på ein mykje smartare måte, kan Hjelmeland bidra til større grad av sjølvforsyning enn det som er tilfelle i dag.

Miljøpartiet Dei Grøne vil:


  • Ta vare på matjorda og ha eit strengare vern av all dyrka og dyrkbar mark. Dersom dyrka/dyrkbar mark må vika for andre samfunnsomsyn, skal det gjerast kompenserande tiltak for naturmiljø og biologisk mangfald.
  • Stimulera til eit berekraftig landbruk som tar vare på det rike mikrolivet i jorda, aukar bruken av utmarksbeite og tar i bruk meir miljøvennlege dyrkingsmetodar med mindre kunstgjødsel og sprøytemiddel.
  • At kommunale avdelingar, kantiner, barnehagar og skular skal bruka ein større andel lokal, økologisk og/eller plantebasert mat.
  • Redusera matsvinnet i kommunale avdelingar, kantiner, barnehagar og skular med 50 prosent innan 2030.
  • Legga til rette for lokal handel av mat, drikke og handverk gjennom torgdagar/torghandel og REKO-ring.

15  MILJØVENNLEG   FORBRUK 

I dag forbruker me meir enn det som er berekraftig i eit miljøperspektiv. Det blir produsert og selt svært mange produkt med kort levetid, mellom anna emballasje og eingongsartiklar som fører til unødvendige avfallsmengder.

Miljøpartiet Dei Grøne vil:


  • Bidra til haldningskampanjar og tiltak i kommunal regi, retta mot mindre forbruk og meir gjenbruk, reparasjonar og delingsøkonomi.
  • Fasa ut bruken av ikkje-nedbrytbare eingongsprodukt og emballasje i alle kommunale føretak.
  • Øyremerka midlar til eit eige «klimafond», som skal stimulera til innovasjon for gardbrukarar, bedrifter og gründerar som vil gå over til nye klima- og miljøvennlege løysingar.
  • Sikra innkjøp og forbruk av fossilfri energi i kommunale verksemder, og jobba aktivt for å unngå energisløsing.
  • Vurdera innføring av ein kommunal, sjølvfinansierande variant av klimabelønning (karbonavgift til fordeling, KAF).

16  ENGASJERANDE   LOKALDEMOKRATI 

Det skal vera enkelt å engasjera seg i politiske prosessar, samtidig som kommunen i aktuelle saker bør be om råd og innspel frå både innbyggarar, næringsliv, besøkande, frivillige lag, bygdaråda og dei kommunale råda for ungdom, eldre og menneske med nedsett funksjonsevne.

Miljøpartiet Dei Grøne vil:


  • At alle møte i kommunestyret, barn og unges kommunestyre og kommunen sine hovudutval og -råd skal sendast på web-TV.
  • At frivillige lag, ungdomsråd, bygdaråd, eldreråd og rådet for menneske med nedsett funksjonsevne skal bli aktivt involverte og spurde om råd og innspel i aktuelle saker.
  • Oppretta eit «JA-kontor», der innbyggarane kan få hjelp til å koordinera og realisera gode idéar.
  • Legga til rette for prosjekt og møteplassar, der kommuntalt tilsette, politikarar, representantar frå næringslivet og frivillige får drøfta tankar og idéar.
  • Vidareutvikla Hjelmeland som ein meiropen kommune, mellom anna ved å vidareføra det gode arbeidet som blir gjort innan digitalisering av kommunale tenester.

17  SAMARBEID FOR 
 Å NÅ MÅLA 

Klimaendringane påverkar oss alle, og blir rekna som vår tids største globale utfordring. I mangel på tydelege krav og mål frå regjeringa, må Hjelmeland kommune ta eit ekstra ansvar for å fronta og samarbeida om det grøne skiftet.

Miljøpartiet Dei Grøne vil:


  • At Hjelmeland kommune aktivt skal fronta grøn omstilling og fornybar-samfunnet.
  • At Hjelmeland kommune skal vera ein lokal pådrivar for nasjonal og global handling mot menneskeskapte klimaendringar og andre miljøutfordringar.
  • Avgrensa deltaking på møte og konferansar der ein må reisa med fly, og redusera storleiken på delegasjonen når ein reiser.
  • At fleire møte og konferansar skal gjennomførast på nett, for å spara både tid, reiseutgifter og miljø.
  • Aktivt invitera og involvera innbyggarar og gjester i samarbeidet om ei god framtid for menneske og miljø.