Årsmelding 2021

Miljøpartiet Dei Grøne Hjelmeland blei stifta 12.03.2019. Styret har i 2021 bestått av Roger Sjursen, Anne Spilde og Eigil Fagerland Sjursen. Anne melde seg ut 03.08.2021, og sidan då har ikkje laget hatt eit fungerande styre. Morten Hetland, som er gruppeleiar, har hjelpt til med praktisk arbeid i Anne sitt fråver.

 

Miljøpartiet Dei Grøne Hjelmeland har 10 medlemmer pr. 31.12.2021, derav to som ikkje har betalt medlemskontingent.

Styret har tatt fortløpande avklaringar saman med resten av medlemmene i ei lukka meldingsteneste, samt avklart strategispørsmål i eigne møte eller i samband med gruppemøta. Frå og med august har ikkje styret vore vedtaksført, men Roger, Eigil og Morten har i samråd med fylkessekretæren tatt ansvar for det daglege arbeidet fram mot neste ordinære årsmøte.

Morten Hetland har vore den einaste faste kommunestyrerepresentanten for MDG, nestleiar i areal- og forvaltingsutvalet, samt SV/MDG/Sp sin 2. vararepresentant til formannskapet. Roger Sjursen er første varamedlem til kommunestyret for MDG.

Gruppeleiar har kalla inn til tre gruppemøte i løpet av året, og i tillegg har medlemmene fått høve til å uttala seg om aktuelle politiske saker undervegs i året. Me har fått fleire politiske gjennomslag det siste året. (Sjå oversynet over grøne gjennomslag.)

Styret merkar seg at det er svært få aktive i lokalpartiet, og at dei få som engasjerer seg må sjonglera mellom både styresaker og drøfting av partisaker. Dersom lokalpartiet skal ha ei framtid, er det avgjerande at fleire engasjerer seg i anten organisasjonsarbeid eller partipolitikk.

15. og 16. januar deltok Roger Sjursen og Morten Hetland på digitalt programmøte og digitalt årsmøte i Rogaland MDG. Me sende inn endringsforslag til MDG sitt nasjonale valprogram, og fekk støtte frå eit fleirtal av deltakarane til Rogaland MDG. Forslaga blei derimot nedstemde nasjonalt, og blei ikkje tatt med i endeleg valprogram.

Me har spelt inn og gjeve ut seks episodar av podkasten «Er du heilt grøn?», der Roger og Morten snakkar om laust og fast, med eller utan gjester. Hovudfokuset er på lokalsamfunnet og lokalpolitikken, men dei trekk òg inn regionale, nasjonale og globale tema.

Samarbeidsavtalen mellom SV, MDG og Sp slår fast at klima og miljø, saman med økonomistyring, skal vera grunnlaget for all verksemd, og me er fornøgde med gjennomslaga i budsjettet for 2022. Me vedtok mellom anna gratis barnehage frå og med august, éin million kroner til frivillige lag og organisasjonar, bygging av ny ungdomsskule, eit klimabudsjett med konkrete tiltak for utsleppskutt, sykkelparkering ved skulane, Hjelmelandshallen og i Hjelmelandsvågen, samt oppgradering av fotballbanen ved Årdal skule.

Utfordringane vidare for partiet blir å rekruttera fleire medlemmer til lokallaget, samt å oppretthalda eit godt samarbeid med Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti i resten av valperioden.

Takk for innsatsen og engasjementet til alle som har bidratt i 2021!

Hjelmeland, 31.12.2021/05.03.2022

Roger Sjursen      Eigil Fagerland Sjursen     Morten Hetland