Fotocredit: Hilde Hauge/Feien og Fjong

Grøne gjennomslag

Miljøpartiet Dei Grøne jobbar for å gjera Hjelmeland grønare, varmare og trivelegare. Sidan hausten 2019 har me utgjort det politiske fleirtalet i Hjelmeland kommune, saman med Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti.

Under finn du eit oversyn over våre grøne gjennomslag sidan januar 2019:

 

1  KLIMALØYSINGAR
 FOR DEG OG VERDA 

 

MDG vil stå i spissen for å få vedtatt ein klimaplan for Hjelmeland kommune. Me skal redusera klimagassutsleppa med 80 prosent innan 2030, samanlikna med 2015, og vere ein fossilfri kommune innen 2040.

Grøne gjennomslag:

  • «Hjelmeland kommune inngår samarbeid med stiftelsen Miljøfyrtårn og blir partnar.» – formannskapet, 27.08.2019
  • «Miljø- og klimaomsyn skal vera viktig premissleverandør inn i den kommunale verksemd, jfr. kommuneplanen, og tiltak innafor desse områda skal rapporterast i samband med ordinær verksemdrapportering.» – formannskapet, 27.08.2019
  • «Det skal gjennomførast årleg markering i organisasjonen med fokus på berekraft.» – formannskapet, 27.08.2019
  • «Som ansvarleg innkjøpar av varer og tenester skal Hjelmeland kommune prioritera miljømessig, sosial og økonomisk berekraft i offentlege innkjøp.» – formannskapet, 27.08.2019
  • «Omsyn til klima og miljø skal innførast som eit fast punkt i all politisk saksutgreiing.» – formannskapet, 27.08.2019
  • «Hjelmeland kommune skal utarbeida ein klimaplan, som skal visa korleis Hjelmeland kan nå måla i klimalova og ta del i den grøne omstillinga. Planen skal inneholda konkrete mål, prioriterte tiltak, tidsrammer, handlingsplan og finansiering av tiltaka. Planen skal synleggjera utslepp og aktuelle tiltak for utsleppsreduksjon for både kommunen sjølv, bedrifter og private hushaldningar.» – kommunestyret, 18.12.2019
  • «Som ein lekk i oppstarten av arbeidet med klima- og miljøplan, skal eit klimabudsjett vera integrert i Hjelmeland kommune sitt budsjett frå og med budsjettåret 2021. Klimabudsjettet skal lista opp konkrete mål, tiltak, ansvar, kostnad og utsleppskutt. Klimatiltaka kan vera kvantifiserbare tiltak, ikkje-kvantifiserbare tiltak eller aktivitetar som kan gje grunnlag for utsleppsreduksjon på lengre sikt. Inntil 10 prosent av klimafondet blir sett av til å finansiera eventuell ekstern bistand til å utarbeida klimabudsjettet.» – kommunestyret, 13.05.2020
  • «Kommunen skal i samband med innkjøp og investeringar, vurdera om ein kan gjera avtalar som legg til rette for bærekraft og innovasjon i næringslivet.» Næringsstrategi for Hjelmeland 2021–2031
  • Budsjettert kr 990.000 til oppgradering av SD-anlegg (ventilasjon) i tre kommunale bygg – kommunestyret, 16.12.2021

2  MILJØVENNLEG
 TRANSPORT 

 

Me vil at det skal vera lettare og rimelegare for innbyggarane å velja miljøvennleg transport. Lufta skal vera rein og trygg for alle, og me vil minimera forureinande trafikk.

Grøne gjennomslag:

  • «Hjelmeland kommune godkjenner planforslag R174 Reguleringsplan for g/s-veg langs Fylkesveg 4672, Kyrkjevegen, utarbeidd av Rogaland Fylkeskommune mottatt her 26.04.2021» – kommunestyret, 20.05.2021
  • «Hjelmeland kommune sine tenestereiser skal gjennomførast med minst mogleg belasting på miljøet.» – kommunestyret, 16.12.2021
  • «Vurdere om det er mogleg å skifte ut fossile bilar med el-bilar. Ved kjøp/leasing av personbilar, skal ein velje nullutsleppkøyretøy. Ein må skriftleg grunngje behov for personbil med fossilt drivstoff.» – kommunestyret, 16.12.2021
  • «El-bil skal vera føretrekt framkomstmiddel, og då må det leggast til rette for eit godt utvikla nett av høve til å lada el-bil på kommunale arbeidsplassar.» – kommunestyret, 16.12.2021
  • Budsjettert kr 600.000 til sykkelparkering ved skulane, Hjelmelandshallen og i Hjelmelandsvågen – kommunestyret, 16.12.2021
  • Budsjettert kr 300.000 til å etablera fleire ladepunkt for el-bilar – kommunestyret, 16.12.2021

3  TA VARE PÅ
 LIVET PÅ LAND 

 

Naturen i Hjelmeland har eit rikt dyre- og planteliv, og gjev innbyggjarar og besøkande høve til rekreasjon og opplevingar. Me vil beskytta og forvalta økosystema i kommunen best mogleg, og då må det biologiske mangfaldet vega tungt.

Grøne gjennomslag:

  • I samband med vilkårsrevisjon for Ulla-Førre: «Revisjonen må i større grad fastsetja vilkår som bøter på følgjene utbygginga har hatt for villaks, villrein og andre naturverdiar. Revisjonen må ta omsyn til sumverknadane av Ulla- Førre, Røldal- Suldal, Øvre Otra og Sira-Kvina-konsesjonane i forhold til villrein. Revisjonen må også sikra at det blir avsett ressursar som kan nyttast til tiltak for ei berekraftig og heilskapleg forvaltning av villreinstammen i Setesdal Vesthei og Ryfylkeheiane.» – kommunestyret, 03.11.2021

4  TA VARE PÅ
 LIVET UNDER VATN 

 

Lokale bedrifter gjer allereie ein god jobb med å gjera oppdrettsnæringa meir berekraftig og framtidsretta. MDG vil stilla strenge krav til oppdrettsnæringa, slik at miljøproblema i næringa ikkje kan forsvarast med inntekter og arbeidsplassar.

Grøne gjennomslag:

  • «Hjelmeland kommune vedtek at det kan brukast inntil kr 50.000 av avkastninga frå fiskefond Ulla-Førre-vassdraget fordelt på desse tiltaka: Grusutlegg i Hjelmelandsåna (biotopforbedrende tiltak – inntil kr 20.000) og Habitatforbetrande tiltak for sjøaure i Haugabekken og Skiftubekken (inntil kr 30.000).» – areal- og forvaltingsutvalet, 27.10.2021
  • I samband med vilkårsrevisjon for Ulla-Førre: «Hjelmeland kommune vil generelt merka at revisjonen av miljøvilkåra må fastsetja vilkår som sikrar meir miljøtilpassa vass-føring i vassdraga. Ulla er prioritert i den regionale vassforvaltningsplanen for Rogaland, og må også prioriterast i vilkårsrevisjonen.» – kommunestyret, 03.11.2021

5  REIN LUFT OG
 GRØN ENERGI 

 

Hjelmeland har mykje natur, med rike naturressursar, rein luft og nærleik til flotte fjell og fjordar. Det gjer at me kan satsa på ein fornybar energiproduksjon som spelar på lag med naturen.

Grøne gjennomslag:

6  HALDA HAVET
 REINT FOR SØPPEL 

 

Eit av dei raskast veksande problema i verda er forsøplinga av naturen, kysten og verdshava, der plast er eit av dei største miljøproblema i vår tid. Dersom dagens utvikling fortset, vil det i 2050 vera meir plast enn fisk i havet.

Grøne gjennomslag:

  • Budsjettert kr 100.000 til strandrydding (betaling for dugnad i frivillige organisasjonar) – kommunestyret, 13.12.2018
  • Budsjettert kr 20.000 i 2022 og 10.000 i 2023 til søppeldunkar i sentrumsområda – kommunestyret, 16.12.2021

7  EIN GRØN, ATTRAKTIV
 OG LIVLIG KOMMUNE 

 

MDG vil at det skal vera godt å leva i alle delar av kommunen. Det skal vera attraktivt og trygt å ferdast i og bruka fellesareala våre, og me skal få dekka dei daglege behova nærast mogleg bustaden.

Grøne gjennomslag:

  • «Vidareutvikling av grøntstrukturen i Hjelmeland sentrum er eit viktig grep for å auke attraktiviteten i tettstaden Hjelmeland, og knyte dei ulike delane saman. Det skal utarbeidast ein overordna plan/skisse for attraktive grøntstrukturar og opphaldsområde i Hjelmelandsvågen, særskilt på kommunal eigedom.» – kommuneplan 2019–2031 (arealdelen)
  • Framskunda innkjøp av ny brannbil til Årdal brannstasjon – kommunestyret, 18.12.2019
  • «Det vert laga ein plan for utbygging av digital infastruktur for Hjelmeland kommune i 2020. Rådmann og fibergruppe får ansvar for snarleg oppstart. Utbygging skal være ferdig innan 2025.» – kommunestyret, 13.05.2020
  • Vedtatt plan for utbygging av digital infrastruktur – formannskapet, 25.08.2020
  • I samband med bygging av ny ungdomsskule: «Klima, energi og miljøvenlege byggeløysingarskal prioriterast i tråd med vedteke klimabudsjett 2021-2024 for Hjelmeland kommune.» – kommunestyret, 29.09.2021
  • «Hjelmeland kommunestyre vedtek å gjennomføra «prosjektet» Bygdebok for Årdal.» – kommunestyret, 24.02.2022
  • «Kommunen har arbeidd målretta for å utvikla Hjelmeland sentrum, og gjera dette til eit levande og attraktivt bygdesenter. Målet er å vidareutvikla dette arbeidet til også å gjelde dei andre bygdesentra.» Næringsstrategi for Hjelmeland 2021–2031 
  • «Systematisk samarbeid med næringsliv og frivillig sektor om utvikling av attraktive tettstader og grender.» Næringsstrategi for Hjelmeland 2021–2031 

8  BEREKRAFTIG
 NÆRINGSLIV 

 

Innovasjon og omstilling må til for at næringslivet skal kunna bidra til å nå klimamåla. MDG vil gjennomføra eit ekte grønt skifte, som i tillegg til å kutta utslepp, gjer næringslivet vårt leiande på grøne løysingar.

Grøne gjennomslag:

  • «Plassering av Hjelmeland kommune sine midlar i verdipapir skal ivareta omsyn til menneskerettar, arbeidstakarrettar og miljø i samsvar med Global Comact FN’s PRI (Principles for responsible investments). Hjelmeland kommune sine midlar skal ikkje plasserast i selskap med tilknytting til skatteparadis. Selskap og fond som kommunen plasserer pengar i skal følga Norges Bank Investment Management («Oljefondet») sine reglar om skatt og openheit.» – kommunestyret, 04.11.2020
  • «Målet er eit framtidsretta og berekraftig næringsliv. All utvikling må vera berekraftig. Dette gjeld også for næringsutvikling. Fokuset på bærekraft har heldigvis auka dei seinare åra, og FN sine berekraftsmål blir tatt med i samband med plan- og utviklingsarbeid på alle plan – internasjonalt, nasjonalt, regionalt og på lokalt nivå. For at næringar skal vera robuste og konkurransedyktige må berekraft vera på dagsorden.» Næringsstrategi for Hjelmeland 2021–2031 
  • «Kommunen skal bidra til at næringslivet får kontakt med forskings- og innovasjonsmiljø, og at dei får kunn-skap og informasjon om tilskotsordningar knytt til forsking og innovasjon.» Næringsstrategi for Hjelmeland 2021–2031
  • «Kommunestyret ber rådmannen om å legga fram ei sak om retningsliner for kommunal næringsstøtte til grøn omstilling […]» – kommunestyret, 11.05.2022
  • «Hjelmeland kommune opprettar ei særskilt ordning for tilskot til grønn omstilling for næringslivet. Føremålet med ordninga er å stimulera til tiltak som gir reduserte klimautslepp og hindrar forureining. Ordninga skal også stimulera til næringsutvikling og innovasjon.» – formannskapet, 30.08.2022

9  REDUSERA SOSIALE
 FORSKJELLAR 

 

Solidaritet og medmenneskelegheit er eitt av grunnprinsippa våre. Me trur på eit felleskap som kan gje innbyggjarane våre ei kjensle av å høyra til; der me satsar på tiltak som kan bidra til å utjamna sosiale forskjellar.

Grøne gjennomslag:

  • «Rådmannen set i gang eit prosjekt som har som mål å inkludera fleire i arbeidslivet. Mellom anna skal Hjelmeland bli ein «Heilt med»-kommune, som jobbar for å inkludera menneske med utviklingshemming i det ordinære arbeidslivet. Ein skal òg legga til rette for at menneske med restarbeidsevne får tilrettelagde arbeidsoppgåver som kan bidra til å skapa meir trivsel og attraktivitet i Hjelmeland.» – kommunestyret, 18.12.2019
  • «Barnefamilier som etter Lov om sosiale tenester i NAV har rett på økonomisk sosialhjelp, får dekt månadlege utgifter til eit standard internettabonnement. Denne hjelpa skal på lik linje med straum- og husleigeutgifter utbetalast i tillegg til ordinære livsopphaldssatsar.» – kommunestyret, 03.04.2020
  • Vedtatt gratis barnehage frå og med 01.08.2022 for alle som er folkeregistrerte i Hjelmeland kommune. – kommunestyret, 16.12.2021

10  FOLKEHELSE OG
 LIVSKVALITET 

 

MDG vil har eit heilskapleg menneskesyn, der førebygging i eit langt perspektiv blir prioritert framfor brannslukking. Me vil at god livskvalitet og livsglede for den enkelte skal ligga til grunn for alle tenester og aktivitetar i helsesektoren.

Grøne gjennomslag:

  • Steinslandsvatnet som framtidig lokal turvegtrasé – kommuneplan 2019–2031 (arealdelen)
  • «Hjelmeland kommune innfører som prøveordning skulefrukt to dagar i veka fra august.» – kommunestyret, 19.06.2019
  • Gangveg langs sjøen på strekket Sande–Solvang inkl. tverrforbindingar mot fylkesvegen – kommuneplan 2019–2031 (arealdelen)
  • Budsjettert kr 40.000 til Trivselsleiar-programmet ved alle skulane i kommunen – kommunestyret, 16.12.2021
  • Budsjettert midlar til å halda symjebassenget ope heile skuleåret – kommunestyret, 16.12.2021

11  FREMJA LÆRING OG
 LIVSMEISTRING 

 

Skulen og barnehagen skal møta barna med respekt og krav, og gje dei utfordringar som fremjar danning, lærelyst, skaparglede, engasjement og utforskartrong. Barna skal få utvikla den kompetansen og haldningane som trengst for å meistra liva sine, og delta i arbeid og fellesskap i samfunnet.

Grøne gjennomslag:

  • «Hjelmeland kommune blir ein leksebevisst skule, der normen er at det meste av skulearbeidet blir gjort i løpet av skuledagen.» – kommunestyret, 11.04.2019
  • «Kommunestyret ber rådmannen leggja fram ei sak om etablering av skulehagar som undervisningsmetode og læringsarena.» – kommunestyret, 19.06.2019
  • «Rådmannen skal i samarbeid med Frivilligsentralen setja i gang eit prøveprosjekt med mål om å tilby gratis skulelunsj på Hjelmeland ungdomsskule i skuleåret 2020/2021, éin eller fleire dagar i veka. I drifta av prosjektet skal ein prøva å inkludera frivillige pensjonistar, menneske med nedsett funksjonsevne og menneske med   restarbeidsevne som har behov for tilrettelagt arbeid. Samtidig skal ein forsøka å få i stand avtalar med lokale næringsdrivande om å motta matvarer som elles ville blitt kasta grunna brekkasje eller kort haldbarheit.» – kommunestyret, 18.12.2019
  • «Hjelmeland kommune innfører rullerande barnehageopptak. Foreldre søkjer til hovudopptaket med den datoen dei ønskjer plass. Foreldre får tildelt plass ut i frå ønskja dato, utan å måtte betale i perioden fram til denne datoen. Nye plassar i løpet av året skal som hovudregel tildelast innan éin månad frå søknad.» – kommunestyret, 17.06.2020
  • «Rådmannen startar arbeidet med prosjektering av ny ungdomsskule.» – kommunestyret, 29.09.2021
  • Budsjettert kr 150.000 i reisebudsjett for skulane, slik at ein kan bruka heile samfunnet som læringsarena – kommunestyret, 16.12.2021
  • Budsjettert kr 230.000 til gapahuk/lavvo i Fister, Jøsenfjorden og Hjelmeland barnehagar – kommunestyret, 16.12.2021

12  VARIERTE
 FRITIDSTILBOD 

 

Hjelmeland har eit rikt kulturliv og mange gode fritidstilbod. Kultur, idrett og andre fritidsaktivitetar bidrar til auka trivsel, betra livskvalitet og folkehelse, hindrar utanforskap og skaper møteplassar på tvers av sosiale grupper og generasjonar.

Grøne gjennomslag:

  • Auka budsjettet til Frivilligfondet med kr 200.000 – kommunestyret, 18.12.2019
  • «Frivilligsentralen får i oppgåve å samle ulike aktørar for å få til eit fritidsopplegg for barn og unge på Hjelmeland i etter skuletid.» – kommunestyret, 18.12.2019
  • «Bygdekinoen får konsesjon etter lov om film og videogram prg. 2 til filmframvising i Hjelmeland som omsøkt, dvs. til 1.7.2025.» – areal- og forvaltingsutvalet, 11.06.2020
  • «Det vert utarbeidd ein plan for idrett og fysisk aktivitet som minimum inneheld minstekrava i rettleiaren frå kulturdepartementet.» – kommunestyret, 16.12.2020
  • Innkjøp av nytt piano til kulturskulen, Årdal skule – kommunestyret, 16.12.2021
  • Oppstart av kulturskuleprosjekt med messingblåsargruppe – kommunestyret, 16.12.2021
  • Budsjettert kr 30.000 til aktivitetsguidar i sommarferien – kommunestyret, 16.12.2021
  • Auka budsjettet til støtte til frivillige lag og organisasjonar med kr 500.000 – kommunestyret, 16.12.2021

13  INKLUDERING OG
 INTEGRERING 

 

Etnisitet, kultur, alder, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk, seksuell orientering eller funksjonsevne skal ikkje avgrensa deltaking, påverknad og livskvalitet for enkeltmennesket. Me vil jobba for eit samfunn der alle får vera seg sjølv, og der det blir lagt til rette for at alle skal kunna delta i samfunnet.

Grøne gjennomslag:

  • «Hjelmeland kommune busett 10 flyktningar i 2022. Det vert tilsett flyktningkonsulent i 100% stilling i byrjinga av 2022.» – kommunestyret, 16.12.2021
  • «Hjelmeland kommune inngår samarbeidsavtale med Nasjonalforeininga for folkehelse om eit meir demensvennleg samfunn.» – kommunestyret, 29.09.2021
  • Budsjettert kr 400.000 til universell utforming – kommunestyret, 16.12.2021
  • «Tilby norskopplæring til framandspråklege for å letta rekruttering til næringslivet.» Næringsstrategi for Hjelmeland 2021–2031 

14  BEREKRAFTIG
 MATPRODUKSJON 

 

Ved å verna om matjorda, satsa på berekraftig landbruk og bruka ressursane på ein mykje smartare måte, kan Hjelmeland bidra til større grad av sjølvforsyning enn det som er tilfelle i dag.

Grøne gjennomslag:

15  MILJØVENNLEG
 FORBRUK 

 

I dag forbruker me meir enn det som er berekraftig i eit miljøperspektiv. Det blir produsert og selt svært mange produkt med kort levetid, mellom anna emballasje og eingongsartiklar som fører til unødvendige avfallsmengder.

Grøne gjennomslag:

  • «I samband med årsoppgjeret for 2019 blir kr 1.000.000 flytta frå disposisjonsfond 2.56 til eit nytt bunde drifts- og investeringsfond – Klimafondet. Fondet skal brukast til utarbeiding og realisering av klimaplanen.» – kommunestyret, 18.12.2019

16  ENGASJERANDE
 LOKALDEMOKRATI 

 

Det skal vera enkelt å engasjera seg i politiske prosessar, samtidig som kommunen i aktuelle saker bør be om råd og innspel frå både innbyggarar, næringsliv, besøkande, frivillige lag, bygdaråda og dei kommunale råda for ungdom, eldre og menneske med nedsett funksjonsevne.

Grøne gjennomslag:

  • Hjelmeland kommune vil ikkje starta samtalar med Strand og Forsand kommunar, med sikte på kommunesamanslåing. Hjelmeland kommune vil framleis vera ein eigen kommune. – kommunestyret, 19.06.2019
  • «I det vidare arbeidet med å realisera kommuneplanen, skal ein aktivt invitera og involvera ungdommane i å skissera og gje innspel til korleis sentrum kan bli endå meir attraktivt. Ungdomsrådet og Barn og unges kommunestyre er naturlege høyringspartar, men ein kan òg tenka andre arenaer for medverknad.» – kommunestyret, 02.10.2019
  • «I samband med oppgradering av AV-utstyr i kommunestyresalen, skal alle møte i kommunestyret og formannskapet strøymast og lagrast på kommunen sine strøymetenester.» – kommunestyret, 18.12.2019
  • Auka budsjettet til barn og unge sitt kommunestyre med kr 15.000 – kommunestyret, 16.12.2021
  • I samband med bygging av ny ungdomsskule: «I referansegruppa må tillitsvalde frå skulen, FAU, representant frå ungdomsrådet og representantar frå frivillige organisasjonar få plass.» – kommunestyret, 29.09.2021
  • meirope bibliotek
  • Vedtok å setja i gang prosjektet Hjelmeland Naturlegvis – kommunestyret, 19.06.2019

17  SAMARBEID FOR
 Å NÅ MÅLA 

 

Klimaendringane påverkar oss alle, og blir rekna som vår tids største globale utfordring. I mangel på tydelege krav og mål frå regjeringa, må Hjelmeland kommune ta eit ekstra ansvar for å fronta og samarbeida om det grøne skiftet.

Grøne gjennomslag: