Fotocredit: Miljøpartiet Dei Grøne

For eller «for» det grøne skiftet?

Alle partia i Hjelmeland lovar i valkampen å retta fokus på klima- og miljøproblema, samt syta for ei berekraftig utvikling. Men meiner dei det, fullt ut?

27. august 2019

Formannskapet vedtok i dag Hjelmeland kommune sin første klima- og miljøstrategi, for å konkretisera den grønaste kommuneplanen i Hjelmeland kommune si historie.

Klima- og miljøstrategien inneber mellom anna at Hjelmeland kommune inngår samarbeid med stiftelsen Miljøfyrtårn, og at det skal gjennomførast ei årleg markering med fokus på berekraft.

Morten Hetland er MDG sin representant i kommunestyret, og varamedlem i formannskapet.

Anita Husøy Riskedal (Sp) sitt forslag om at «omsyn til klima og miljø skal innførast som eit fast punkt i all politisk saksutgreiing» blei òg einstemmig vedtatt.

Morten Hetland (MDG) fremja to forslag. Det eine blei einstemmig vedtatt, og det andre fekk berre éi stemme.

Hetland fekk gjennomslag for at Hjelmeland kommune – som ansvarleg innkjøpar av varer og tenester – skal prioritera miljømessig, sosial og økonomisk berekraft i offentlege innkjøp.

Det siste forslaget frå MDG, som altså blei nedstemt med 1 mot 7 stemmer, var slik:

«Hjelmeland kommune innfører indikatorar og berekraftmål med vekt på klima, natur og livskvalitet i samband med behandlinga av kommunebudsjettet. Mål og indikatorar skal følgjast opp i samband med behandling av årsmelding og rekneskap.»

Hetland peika ikkje konkret på kva indikatorar og berekraftmål rådmannen skulle ta inn i budsjettbehandlinga allereie i haust, og la vekt på at rådmannen sine faglege vurderingar må ligga til grunn for dette arbeidet.

Likevel var det til slutt berre MDG sin eine representant som meinte at klima- og miljøkrisene hastar nok til å innføra berekraftmål allereie denne hausten. Dei andre partia har tid til å venta…

Når me ikkje set inn nødvendige tiltak , betyr det at konsekvensane av å venta blir endå større. I mellomtida skal MDG vera kompromisslause på at klima og miljø skal setja rammene for resten av politikken; ikkje omvendt.