Fotocredit: Nikola Jovanovic

Jordvern på agendaen

Areal- og forvaltingsutvalet i Hjelmeland bad i dag rådmannen om å setja fokus på jordvern og matjord.

9. april 2019

- Stortinget har vedtatt ein nasjonal jordvernstrategi, men kva verkemiddel kan brukast til å følgja opp denne i lokale reguleringsplanar?
– Morten Hetland, utvalsleiar (MDG)

I samband med areal- og forvaltingsutvalet si behandling av ny reguleringsplan for bustader i Sandvik på Fister, blei det i dag tverrpolitisk semje om å be rådmannen førebu ei orienteringssak om korleis framtidige reguleringssaker betre kan sikra jordvern og matjord.

Har du forslag til gode tiltak? Kva kan me til dømes gjera i saker der jordvernet må vika for andre samfunnshensyn?

Jordvern

  • Jordvern handlar om å sikra dagens og framtidas moglegheiter til å dyrka eigen mat på eiga jord.
  • Stortinget har fastsett det årlege målet for omdisponering av dyrka mark til maksimalt 4.000 dekar.
  • Regjeringa har fått i oppgåve å syta for at målet blir gradvis nådd innan 2020.
  • Tre prosent av landarealet i Norge er dyrka mark – inkludert overflatedyrka jord og innmarksbeite – eller om lag 10 millioner dekar (1 dekar = 1.000 kvadratmeter).
  • Kommunane har ei viktig rolle i å ivareta nasjonale og regionale jordvernhensyn, sidan dei har hovudansvaret for arealforvaltinga lokalt.
  • I dag er det jordlova og plan- og bygningslova som regulerer kommunane si forvalting av jordbruksareala.
  • Dei siste åra har jordvern fått større fokus i planlegginga av nye samferdselsprosjekt, bustadutbygging og næringsutvikling.