Fotocredit:

Kan Hjelmeland få skulehagar?

I det siste kommunestyremøtet før sommaren fekk MDG-representant Morten Hetland med seg heile kommunestyret på å be rådmannen om å utgreia skulehage som undervisningsmetode og læringsarena.

22. juni 2019

Kommunestyret drøfta eigentleg om elevane skulle få gratis skulefrukt, og eventuelt kor mange dagar i veka. Hetland ville heller utfordra kommunestyret til å etablera skulehagar.

– Me mistar ein del grunnleggjande med tanken om at «alt kan kjøpast». Dersom me er opptekne av at elevane våre får i seg god, næringsrik og sunn mat; kva er vel betre enn å dyrka den sjølv, og la det vera ein del av det pedagogiske opplegget, spurde Hetland retorisk.

Skulehagane hjelper elevane å bli kjende med naturen. Gjennom leik og læring får dei kunnskap om alt frå næringsrik mat, økologisk og kortreist mat, jordvern og rettferdig berekraft. Difor meiner MDG at skulehagar er eit ypparleg lokalt klimatiltak, som òg kan gje elevane meir variasjon i undervisninga, og høve til å jobba meir tverrfagleg i skulekvardagen.

Kommunar med skulehagar:

  • Stavanger
  • Bergen
  • Fredrikstad
  • Gloppen
  • Grimstad
  • Høylandet
  • Oslo
  • Seljord
  • Tingvoll
  • Aurskog-Høland