Fotocredit: MDG Hjelmeland

MDG går for fire nye år – greier me dobling?

Morten Hetland har vore MDG sin einaste representant i kommunestyret i Hjelmeland sidan 2019. Nå stiller MDG til val igjen, og me håpar at Morten får selskap av Roger Sjursen i det nye kommunestyret.

3. juli 2023

MDG Hjelmeland gjentar suksessen frå 2019, og stiller igjen til val i Hjelmeland.

→ Sjå alle listekandidatane til MDG Hjelmeland

– Det er litt ufatteleg kva litle MDG greidde å få til i løpet av 2019: På våren stifta me lokalpartiet, før sommaren leverte me inn lista til kommunestyrevalet, om hausten blei me valt inn og i desember var me med på å laga det grønaste budsjettet i Hjelmeland kommune si historie, seier Roger Sjursen, som er lokallagsleiar og andrekandidat på MDG si liste i Hjelmeland.

→ Ta VG sin valgomat, for å finna ut kor einig du er med MDG

I heile den siste kommunestyreperioden har MDG bidratt til å skapa eit grønare, varmare og trivelegare Hjelmeland. Saman med Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti har MDG sett fokus på klima, miljø og natur, trivsel for innbyggjarane våre og ansvarleg økonomistyring.

– MDG har mellom anna fått politisk fleirtal for at Hjelmeland skal bli ein Miljøfyrtårn-kommune, innføra årlege klimabudsjett, stramma inn krava til berekraft i offentlege innkjøp og gje støtte til grøn omstilling i næringslivet. Med gratis barnehageplassar og millionstøtte til frivillige lag og organisasjonar, har me òg bidratt med positive tiltak som innbyggjarane våre merkar i kvardagen, seier førstekandidat Morten Hetland, som har vore gruppeleiar i perioden 2019–2023.

MDG har dessutan vore pådrivar for ny brannbil til Årdal brannstasjon, samt planlegging og finansiering av ei omfattande breibandsutbygging i heile kommunen.

→ Sjå lista over MDG sine grøne gjennomslag i perioden 2019–2023

– Etter fire års innsats, har MDG vore med på å skapa synlege endringar i Hjelmeland, og me er motiverte for fire nye år, for menneske og miljø! For lokalpolitikken treng framleis MDG, viss Hjelmeland skal vera grønt, varmt og triveleg, òg for våre barn og barnebarn, seier Roger Sjursen.