MDG i posisjon med Sp og SV

Forhandlingane etter kommunestyrevalet i Hjelmeland er ferdige. MDG og SV er inne i Sp-varmen.

12. september 2019

Med 47,3 prosent oppslutning – og heile 9 av 19 mandat i kommunestyret – trengde Senterpartiet berre éi stemme for å ha fleirtal i kommunestyret.

Torsdag 12. september, på dagen 6 månader etter at MDG stifta lokallag i Hjelmeland, signerte me ein valteknisk samarbeidsavtale med Sp og SV.

Avtalen inneber at Bjørn Laugaland (Sp) og Anita Husøy Riskedal (Sp) blir høvesvis ordførar og varaordførar. Silje Sværen (SV) skal leia areal- og forvaltningsutvalet, med Morten Hetland (MDG) som nestleiar.

I samarbeidsavtalen er dei tre partia òg samde om at klima og miljø, saman med økonomistyring, skal vera grunnlaget for all verksemd.

– Nå startar jobben med å farga meir av den praktiske politikken grøn, kommenterer Morten Hetland, talsperson og kommunestyrerepresentant for MDG Hjelmeland.