Fotocredit: Hurtigruten

MDG og Ap åleine om å krevja nullutslepp

MDG og Ap sine representantar i kommunestyret var i dag åleine om å krevja nullutsleppsteknologi for cruise- og ekspedisjonsskip som tar med seg turistar til fjordane i Hjelmeland.

19. juni 2019

I det same møtet godkjende kommunestyret Lysefjorden Utvikling AS sin strategi for perioden 2020–2025, og la vekt på at strategien skulle setjast i verk og gjennomførast. Som det første av tre punkt i strategien står det at «Lysefjorden skal være et null-utslipp reisemål».

Når kommunestyret seinare skulle drøfta Reisemål Ryfylke sitt prosjekt for å tiltrekka seg fleire ekspedisjonsskip, bad Gaute Hauge (Ap) om at det skulle stillast tilsvarande krav for Hjelmeland kommune. Dette ville diverre ikkje fleirtalet vera med på.

Kjell Apeland (H) uttalte mellom anna at slike restriksjonar bør leggast sentralt, og at dersom me stiller slike krav i Hjelmeland, vil båtane berre gå ein annan stad.

MDG vil ikkje godta denne argumentasjonen. Sjølv om me deler atmosfære med andre regionar, er det ikkje betre om skipa forureinar i Hjelmeland, slik at me kan tena noko pengar på det, i staden for at skipa forureinar andre plassar. Då er det betre om skipa ikkje går i det heile tatt.

Vidare peikar Apeland nettopp på det som er problemet: Regjeringa legg ikkje slike restriksjonar sentralt, og greier ikkje å gjennomføra politikk som fører til stor nok reduksjon i klimagassutslepp. Difor må kommunane ta ansvaret for å vedta klimapolitikk som bidrar til å nå måla i Parisavtalen, sidan den statlege politikken er full av ord som manglar handling og konkrete tiltak.

– Nokon må gå føre og stilla krav om me skal oppnå noko i klimaspørsmåla, uttalte Gaute Hauge (Ap), til støtte frå Morten Hetland (MDG).

Det var berre MDG og Ap sine representantar som stemte for Hauge sitt forslag om å krevja nullutsleppsteknologi.